Possessor

Sci-Fi / Horror
1 t. 43 min.
18 år
Possessor

Brandon Cronenbergs tredje film, Infinity Pool, hadde nettopp premiere på norske kinoer. Siden hans forrige film, Possessor, aldri ble satt opp på kino i Norge, synes vi på Vega at det var på tide å hente den fram på det store lerretet.

Possessor er noko så sjeldan og etterlengta som ein original psykologisk horror-sci-fi, strødd med ansiktsmeltande valdskildringar. Brandon Cronenberg har utelukkande brukt praktiske effektar, som han meiner gir ei større tyngde enn CGI. Dette er likevel ikkje vald berre for valden si skuld, alt tener eit formål i det intrikate plottet. Dette er science-fiction i ordets rette forstand. Det er lett å få assosiasjonar til filmar som Scanners og Videodrome, men Brandon påstår hardnakka at han ikkje er direkte inspirert av sin far, David, sjølv om det vanskeleg lar seg avfeie ein viss påverknad. Med Possessor har han klart å skape sitt eige uttrykk, samtidig som gamle Cronenberg-fans vil la seg begeistre.

Andrea Riseborough (Mandy) speler ein leigemordar som tar over bevisstheita til andre for å utføre drapa sine. For å komme tilbake til sin eigen kropp må ho drepe verten sin. Biverkningar inkluderer forvirring og framandgjering til sin eigen identitet. Når verten i hennar neste jobb, spelt av Christopher Abbot (Girls), begynner å ane ugler i mosen, blir det ein hjernevrengande kamp for å overleve for begge to.

(Omtale lånt fra Bergen Filmklubb)

Spilletid
1 t. 43 min.
OriginalTittel
Possessor
Språk
Engelsk
Regi
Brandon Cronenberg
Skuespillere
Jennifer Jason Leigh, Christopher Abbott, Andrea Riseborough, Rossif Sutherland, Gabrielle Graham, Hanneke Talbot
Nasjonalitet
Canada
Produksjonsår
2020
Aldersgrense med begrunnelse
18 år