Spesialvisning av Eg har ord

Klassekampen spesialvisning: Eg har ord

Klassekampens Musikkmagasin, i samarbeid med Vega Scene og filmselskapet Aldeles AS, presenterer ei spesialframsyning av dokumentarfilmen «Eg har ord» laurdag 25. mars.

Lørdag 25.03 18:00 // Vega 1 // KJØP BILLETT

EG HAR ORD er ein leikande musikalsk og humoristisk dokumentarfilm om ord; lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom.

Rappartist og regissør Runar Gudnason, kjend frå den norske rappgruppa Side Brok, reiser tilbake i tid for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar.

Gudnason møter Musikkmagasinets Martin Bjørnersen og rappar Lars Vaular til samtale om rapp, rim, livet, og korleis alt heng i hop - eller ikkje.

Runar Gudnason Foto Kieran Kolle

Runar Gudnason er rappar, gjendiktar og regissør. Han har skrive og gitt ut fire album og ei rekke singlar og EP-ar med gruppa Side Brok, og samarbeidd med mange norske jazz-, hiphop- og folkemusikarar. Han har regissert teater og film, og har gjendikta fleire musikalar for Det Norske Teatret, seinast Into the woods i 2022. Eg har ord er første langfilmen hans.
Foto: Kieran Kolle

Lars Vaular

Lars Vaular debuterte som rappartist for ganske nøyaktig tjue år sidan med kollektivet Freakshow, og har sidan solokarrieren starta i 2007 etablert seg som ein av dei mest populære og tekstfokusert rapparane i landet. Har også interessert seg for multimediale prosjekt i filmformatet, og i grenseland mellom fiksjon og dokumentar, til dømes i YouTube-serien «Ekte mann» (2016).

Martin Bjørnersen

Martin Bjørnersen er hovudmeldar i Musikkmagasinet til Klassekampen, og skriv om eit breitt utval norsk og internasjonal musikk kvar fredag. Bjørnersen var også fast medlem av den faste spalta og "skrivekollektivet" Vers, eit initiativ frå Runar Gudnason som var på trykk i nettutgåva til Dagbladet mellom 2014 og 2018.